![]() |
Konsertar i Norge og nytt album
Seglem er også å høyra på ei rekke norske scenar i sommar. Tingingsverket "Underlege dagar" på Jørn Hilme-stemnet, spelast høgt oppe i Valdresfjella (Jaslangen 22.juli) med eit spennande lag av musikarar. Her deltek mellom andre vokalist Anne-Marit Bergheim (Katzenjammer) og skodespelar Rolf Arly Lund. Seinare i sommar kan Seglems karakteristiske bukkehorn og drivande verdensmusikk høyrast midt i Jotunheimen, under festivalen Vinjerock (2. aug).
Karl Seglem byr på musikk av eit sterkt og særskilt merke. Med sin hybride grenseland-musikk i folk- jazz- og verdensmusikk-landskap, spenner han opp eit stort lerret. Mange vil nok plassere hans folkemusikk ein stad mellom Jan Garbarek, Mari Boine og Nils Petter Molvær, men mange meinar at Karl Seglem har klart å skapa sitt eige ”Seglemske univers”. Han er i gang med oppfølgaren til kritikarroste "URBS" (2007), og dvd-dokumentaren "SPELFERD - a playful journey" blir snart lansert på det kommersielle markedet.
Og sist men ikkje minst skal Seglem i studio kommande haust for å gjera ei innspeling av det han kallar eit jazz-album. Han har lenge hatt ein draum om å spela inn nokre av sine mest neddempa og melodiøse komposisjonar, med klassisk jazz-kvartett: t.sax, piano, kontrabass, trommer. Som nye medmusikarar har han valt kritikarroste Eple trio. Dette er eit møte og ei innspeling som skapar forventningar om eit annleis og nedstrippa lydbilde frå Karl Seglem.
For intervju og meir info kontakt Svanhild Sørensen, Kulturmeglerne, tlf 22405991
Bilder kan hentast på www.norcd.no/pressroom.php
www.karlseglem.no
KONSERTAR 2008:
27.05. Oslo
28.05. Lisboa
30.05. Oslo
02.06. Oslo
03.06. Oslo
04.06. Oslo
05.06. Oslo
05.07. Rudolstadt
06.07. Rudolstadt
15.07. Russe
16.07. Sofia
17.07. Smolyan
22.07. Jørn Hilme, Jaslangen
02.08. Vinjerock
04.10. New York
10.10. Decorah
16.10. Oslo
17.10. Jena
18.10. Erfurt
23.10. Hillerod
24.10. Vanløse
25.10. Munchen
26.10. Leopoldsburg
Konsertene er støtta av Norsk Kulturråds Ensemblestøtte, Fond for lyd og bilde, UD, Fond for utøvende kunstnere.


