&
VELKOMMEN!
Kulturmeglerne AS er et konsulent­selskap med kultur og media som spesial­område. Vi har et bredt kontakt­nett og arbeider både innenfor PR, markedsføring, prosjektledelse og forretningsutvikling.

Kontaktinformasjon:

Kulturmeglerne
Kongensgate 23
0153 OSLO
T. 22405990


 

MORGONDAGENS STJERNER TIL HARDANGER MUSIKKFEST

13.05.09: Hardanger Musikkfest på Lofthus kan presentera unge musikarar som er ferd med å skapa seg ein internasjonal karriere. Ein av desse er Simon Trpceski, pianisten som i dag er etterspurd over heile verda, og som kjem til Hardanger etter å ha spela med London Symphony Orchestra i USA.
Del |
Vidare kjem vinnaren i Eurovision Young Musicians Competition i 2006, cellisten Andreas Brantelid, og trompetisten Tine Thing Helseth som tok 2.prisen i same konkurranse.
Verdensstjernen Simon Trpceski.
Ho skal saman med Christian Ihle Hadland vera solist i Sjostakovitsj: Konsert for trompet, piano og strykarar. Strykarane her er Hardanger Festivalorkester, som blant anna er sett saman av studentar frå the Razumovsky Academy i London; Alina Pogostkina, Elisabeth Dingstad, Anna-Liisa Bezrodny, Amelie Lied Haga, Ida Bryhn, Anders Kjellberg Nilsson og Andreas Brantelid som i følgje Dagens Næringsliv 9.5. kan reknast som einarane blant dei unge klassiskutøvarane i verda.

KORK og Truls Mørk opnar Hardanger musikkfest
Opninga skjer torsdag ettermiddag med det orkesteret som dei fleste av oss kjenner, Kringkastingsorkesteret, også kalla KORK. I pinsehelga spelar dei i Hardangerhallen på Lofthus. Solist er ein av Noregs mest internasjonalt kjende musikarar, cellisten Truls Mørk. Han skal dagen etter ha ein eigen konsert der han og spelar saman med m.a. Håvard Gimse og Stig Nilsson.
Tine Thing Helseth


Ni solodansarar frå Shanghaiballetten i fjellhall
På pinseaftan vert det eit eksklusivt møte på Hardanger Musikkfest. For fyrste gong kjem solistar frå dansekompaniet The Shanghai Ballet til Noreg, og den einaste framføringa skjer i den store fjellhallen Sima Kraftstasjon i Eidfjord. Shanghaiballetten har ein dominerande plass i Kinas ballettmiljø og har mellom anna vunne gullmedaljen for beste klassiske oppsetting i det 20.århundre.

Frode Grytten i fjellhola på Lilletopp
Dei som vil kombinera ein konsert med ein god trimtur, kan klatra opp til Lilletopp over Tyssedal der Frode Grytten og Morten Qvenild vil stå for programmet. Eller ein kan vandra rundt i Lofthusbygda på stiane der Edvard Grieg vandra, og lytta til musikk med Eir Inderhaug, Ellen Ugelvik og Lajla Renate Storli, eller få med seg musikk og lyrikk i den gamle Skrivargarden. Folkemusikken har og sin plass med fele og toradar i ei gamal røykstove og i museumstunet på Skredhaugen.

Særprega konsertlokalar
Hardanger Musikkfest har i sitt 14. år etablert seg som kanskje den største og viktigaste kulturhendinga i Hardanger, med konsertar i Ullensvang, Odda og Eidfjord. Festivalen er og kjend for dei flotte og særprega konsertlokala dei nyttar. I Lagmannsstova i Agatunet syng Trio Mediæval og dei vert og å høyra i Turbinhallen i Tyssedal, då i fylgje med trompettonar frå Arve Henriksen. I dei vakre mellomalderkyrkjene i Kinsarvik og Ullensvang kan ein mellom anna høyra Razumovsky Ensemble som består av Henning Kraggerud, Anders Tomter og Oleg Kogan. Den gamle kyrkja i Eidfjord er 600 år, og der vert det og konsert. Dei to søstrene Catharina og Sara Chen skal ha eigen konsert i cideriet på Alvsåker.

Festivalleiinga
Fiolinist og mangeårig konsertmeister i Oslofilharmonien, Stig Nilsson, og sonen og fiolinisten Anders Kjellberg Nilsson er kunstnariske leiarar av Hardanger Musikkfest som i år er den 14. Hardanger Musikkfest i rekkja. Åse Kleveland er styreleiar medan rådmann Tone Tveito Eidnes er dagleg leiar. Hardanger Musikkfest byr på omlag 25 konsertar over fem dagar og eit breitt samansett program av orkestermusikk - kammermusikk - folkemusikk - ballett og lyrikk.

For høgoppløyselige foto, se Hardanger Musikkfests hjemmeside.



For meir info: Kontakt presseansvarleg Svanhild Sørensen, tlf: 90 86 67 47


Oppdatert: 19.05.2009 kl. 12:47
 

Kulturmeglerne - Kongensgate 23, 0153 OSLO, t. 91525313 - kulturmeglerne@kulturmeglerne.no
Copyright © Kulturmeglerne 2002-07
Powered by Ottmar.no