&
VELKOMMEN!
Kulturmeglerne AS er et konsulent­selskap med kultur og media som spesial­område. Vi har et bredt kontakt­nett og arbeider både innenfor PR, markedsføring, prosjektledelse og forretningsutvikling.

Kontaktinformasjon:

Kulturmeglerne
Kongensgate 23
0153 OSLO
T. 22405990


 

HARDANGER MUSIKKFEST: FRODE GRYTTEN OG MORTEN QVENILD MED KONSERT I FJELLHOLE

26.05.09: Høgt over Tyssedal i Odda - 400 meter rett opp - ligg Lilletopp, ei husklynge på toppen av røyrgata som leia vatnet ned til kraftstasjonen. I dag eit viktig kulturminne for kraftproduksjonen i Tyssedal.
Del |
Sundag 31.mai skildrar Frode Grytten og Morten Qvenild i ord og tonar staden og verda utanfor, korleis det er å vera del av denne historia og korleis det er å gå vidare. Grytten og Qvenild har tidlegare samarbeidd med stor suksess på Festspillene i Bergen og Kongsberg jazzfestival. Saman skapar dei særprega poesijazz, med røter i både populærmusikk og klassisk musikk.

Særprega konsertlokale
Hardanger Musikkfest har i sitt 14. år etablert seg som kanskje den største og viktigaste kulturhendinga i Hardanger, med konsertar i Ullensvang, Odda og Eidfjord. Festivalen er og kjend for dei flotte og særprega konsertlokala dei nyttar. I Lagmannsstova i Agatunet syng Trio Mediæval, dei vert og å høyra i Turbinhallen i Tyssedal, då i fylgje med trompettonar frå Arve Henriksen. I dei vakre mellomalderkyrkjene i Kinsarvik og Ullensvang kan ein mellom anna høyra Razumovsky Ensemble som består av Henning Kraggerud, Anders Tomter og Oleg Kogan. Den gamle kyrkja i Eidfjord er 600 år, og der vert det og konsert med Trio Mediæval og Arve Henriksen. Dei to søstrene Catharina og Sara Chen skal ha eigen konsert i cideriet på Alvsåker.

Simon Trpceski - etterspurd pianist over heile verda
Som alltid kan Hardanger Musikkfest på Lofthus presentera unge musikarar som er ferd med å skapa seg ein internasjonal karriere. Ein av desse er Simon Trpceski, pianisten som i dag er etterspurd over heile verda, og som kjem til Hardanger etter å ha spela med London Symphony Orchestra i USA.

Vidare kjem vinnaren i Eurovision Young Musicians Competition i 2006, cellisten Andreas Brantelid, og trompetisten Tine Thing Helseth som tok 2.prisen i same konkurranse. Ho skal saman med Christian Ihle Hadland vera solist i Sjostakovitsj: Konsert for trompet, klaver og strykarar. Strykarane her er Hardanger Festivalorkester, som bl.a. er sett saman av studentar frå the Razumovsky Academy i London; Alina Pogostkina, Elisabeth Dingstad, Anna-Liisa Bezrodny, Amelie Lied Haga, Ida Bryhn, Anders Kjellberg Nilsson og Andreas Brantelid som i følgje Dagens Næringsliv kan reknast som einarane blant dei unge klassiskutøvarane i verda.

KORK og Andreas Brantelid opnar Hardanger musikkfest
Opninga skjer torsdag ettermiddag med orkesteret som dei fleste av oss kjenner, Kringkastingsorkesteret, også kalla KORK. Dei spelar i Hardangerhallen på Lofthus. Solist er cellisten Andreas Brantelid.

Ni solodansarar frå Shanghaiballetten i fjellhall
På pinseaftan vert det eit eksklusivt møte på Hardanger Musikkfest. For fyrste gong kjem solistar frå dansekompaniet The Shanghai Ballet til Noreg, og den einaste framføringa skjer i den store fjellhallen Sima Kraftstasjon i Eidfjord. Shanghaiballetten har ein dominerande plass i Kinas ballettmiljø og har mellom anna vunne gullmedaljen for beste klassiske oppsetting i det 20.århundre.

Festivalleiinga
Fiolinist og mangeårig konsertmeister i Oslofilharmonien, Stig Nilsson, og sonen og fiolinisten Anders Kjellberg Nilsson er kunstnariske leiarar av Hardanger Musikkfest som i år er den 14. Hardanger Musikkfest i rekkja. Åse Kleveland er styreleiar medan rådmann Tone Tveito Eidnes er dagleg leiar. Hardanger Musikkfest byr på omlag 25 konsertar over fem dagar og eit breitt samansett program av orkestermusikk - kammermusikk - folkemusikk - ballett og lyrikk.

For meir info, kontakt presseansvarleg Svanhild Sørensen, tlf: 90866747.

Oppdatert: 26.05.2009 kl. 10:18
 

Kulturmeglerne - Kongensgate 23, 0153 OSLO, t. 91525313 - kulturmeglerne@kulturmeglerne.no
Copyright © Kulturmeglerne 2002-07
Powered by Ottmar.no