&
VELKOMMEN!
Kulturmeglerne AS er et konsulent­selskap med kultur og media som spesial­område. Vi har et bredt kontakt­nett og arbeider både innenfor PR, markedsføring, prosjektledelse og forretningsutvikling.

Kontaktinformasjon:

Kulturmeglerne
Kongensgate 23
0153 OSLO
T. 22405990


 

HARDANGER MUSIKKFEST: BALLETTGALLA MED INGRID LORENTZEN OG HALLGRIM HANSEGARD FRÅ FRIKAR

09.05.10: Ingrid Lorentzen og fleire av dei mest etterspurde solistane frå Nasjonalballetten inviterer til ballettframsyning utanom det vanlege under den 15. Hardanger Musikkfest i pinsehelga. Saman med spenstige lausdansarar frå dansekompaniet Frikar skal dei boltra seg i Sima Kraftstasjon, tusen meter inn i fjellet i Eidfjord. Publikum kan og vente seg musikkutøvarar på toppnivå i spektakulære naturomgjevnader.
Del |
- Frikar har vorte kjende over heile landet etter at dei var med og vann Melodi Grand Prix-finalen i 2009. Dansekompaniet er truleg blant dei mest etterspurde for tida, og no er dei på full fart ut i Europa. Dansen er ei blanding av akrobatikk og halling, eller lausdans som det og vert kalla, seier kunstnarleg leiar av Hardanger Musikkfest, fiolinist Stig Nilsson. – Me kan venta oss ein dansegalla spekka med høgdepunkt frå det klassiske og moderne repertoaret, eit program satt saman i tett dialog med dansarane sjølv. Blant anna får vi sjå Ingrid Lorentzen i ein solo som blir koreografert til henne i anledning musikkfesten, seier Nilsson.
Ingrid Lorentzen og Hallgrim Hanegard frå Frikar


Engelsk stjernesopran med kometkarriere
– Me har og vore så heldige å få Elizabeth Watts til Hardanger Musikkfest. Ho vert rekna som ei av Storbritannias mest lovande stjernesopranar, fortel Nilsson. – I tillegg til å invitere norske artistar og nye talent, er det eit privilegium å kunne tiltrekkje oss nye utanlandske stjerner. Under musikkfesten vil ho blant anna syngje i den intime Kinsarvik kyrkje frå 1100-tallet.

Ung pianist, høgt elska fiolinist og lokal hardingfelespelar
Ein av Noregs fremste formidlarar av Ole Bulls liv og verke, Arve Tellefsen, kjem for å spela og fortelja om jubilanten som fyller 200 år. Det vert konsert i Hardangerhallen, der Tellefsen spelar samen med 18 år gamle Julie Ye på klaver. Ho har allereie vunne fleire prisar, mellom anna Statkrafts Young Star Stipend under Hardanger Musikkfest i 2009. Dei lokale artistane Maria Digranes (sopran) frå Kinsarvik og Laila Renate Buer Storli (hardingfele og kvedar) frå Ullensvang skal blant anna spela saman med Helge Jordal, Jens Harald Bratlie og Oslo Trio på opningskonserten.

Nokre av Skandinavias fremste musikarar
Hardanger Musikkfest er kjent for sitt høge kunstnarlege nivå, og blant årets artistar finn vi noen av dei fremste svenske musikarane, blant anna pianisten Roland Pöntinen, fiolinisten Ulf Wallin og klarinettisten Martin Fröst, internasjonalt kjend som ein av vår tids mest virtuose klarinettsolistar. Kritikarroste Den Danske Strygekvartet, kjende for si speleglede, utråling og dyktigheit, den norske fiolinisten Ragnhild Hemsing, skodespelar Mari Maurstad, visesanger Lars Klevstrand, Oslo Trio og det nye, unge kammerorkesteret Ensemble Allegria kjem og til Hardanger i pinsehelga.
Elizabeth Watts


Om Hardanger Musikkfest
For 15. året vert Hardanger Musikkfest arrangert - med det beste av klassisk musikk blant frukthagar, fjordar og fjell. Omgjevnadene her har i alle år inspirert forfattarar, malarar og musikarar. Det fins neppe meir idylliske og intime omgjevnader enn blant blømande epletre på smale gardsvegar langs fjorden. Frå det dramatiske i den eine augneblinken til delikat idyll i den neste, kan ein godt forstå Edvard Grieg sin kjærleik til staden.

Dette er ei gåve som Hardanger Musikkfest med glede vidarefører år etter år og som gjenspeglar seg i repertoaret. I år minnes me også tre komponistar som vart fødde for 200 år sidan; Frédéric Chopin, Robert Schumann og Ole Bull. Dette vert markert med eigne jubileumskonsertar.

Konsertane finn stad langs fjorden i store delar av Hardanger. Opplevingane blir presentert i alt frå dansegalla i den spektakulære Simahallen, ein kilometer inn i fjellet, og konsertar i Hardangerhallen på hotel Ullensvang, til utandørs Griegvandring og intimkonsert med folkemusikk i den historiske Jåstadstova.

Fiolinist og mangeårig konsertmeister i Oslofilharmonien Stig Nilsson er kunstnarleg leiar saman med sin son, fiolinist Anders Kjellberg Nilsson. Begge opptrer under festivalen. Åse Kleveland er styreleiar, mens rådmann i Ullensvang herad, Tone Tveito Eidnes, er dagleg leiar.
Stig Nilsson og Anders Kjellberg Nilsson


Program
Hovudsponsor: Statkraft

Bilete (øvst og nedover):
Ingrid Lorentzen og Hallgrim Hansegard (foto: Eirik Pettersen)
Elizabeth Watts (www.elizabethwattssoprano.com)
Stig Nilsson og Anders Kjellberg Nilsson (Foto: Ellen Kjellberg, www.hardangermusikkfest.no)

Høgoppløyselege bilete:

eller kontakt svanhild.sorensen@kulturmeglerne.no

Meir informasjon:
Pressekontakt Svanhild Sørensen, Kulturmeglerne, tlf: 90 86 67 47
-------------------------------------------

Programmet:

Torsdag 20.mai

kl 18:00 Opningskonserten
Høgtideleg og feststemt opning av musikkfesten 2010
Hardangerhallen, Hotel Ullensvang
E.Grieg (1843-1907): Våren
A.Munck (1811-1884): Brudeferden i Hardanger
Taler
E.Grieg (1843-1907): Andante con moto
Jens Harald Bratlie, klaver, Maria Digranes, sopran, Helge Jordal, skodespelar,
Lajla Renate Storli, hardingfele, Oslo Trio
- Pause -
E.Grieg (1843-1907): Kulokk og Stabbelåt
J.S.Bach (1685-1750): Dobbelkonsert i d-moll
E.Elgar (1857 - 1934): Strykerserenade
O.Bull (1810-1880): Et Sæterbesøk
W.Kilar (1932-): Orawa
Stig Nilsson, fiolin, Arve Tellefsen, fiolin, Kammer Allegria

Fredag 21.mai

Kl 10.00 - 13.00 Frå Salong til stove i Lofthusbygda
Vandring frå konsert til konsert i Lofthusbygda
Skrivargarden - Jåstadstova - Krossvoll
10.00/11.00: Dikt og musikk
Skrivargarden
Chopin og hans samtidige
Ragnhild Hemsing, fiolin, Julie Ye, klaver
10.00/11.00: Frå Fjord til fjell
Jåstadstova
Folkemusikk
12.00: Edvard Grieg
Krossvoll
E.Grieg (1843-1907): Strykekvartett i g-moll
Den Danske Strygekvartet

Kl 16.00 Ole Bull 200 år
Arve Tellefsen spelar og fortel om jubilanten
Pris kr 250,-
Hardangerhallen, Hotel Ullensvang
Arve Tellefsen spelar og fortel.
Julie Ye, klaver, Lajla Storli, hardingfele

kl 20:30 Ballettgalla i Simahallen
Tusen meter inn i fjellet er det rigga til dansescene for Frikar Dansekompani og solistar frå Nasjonalballetten
Sima kraftstasjon, Eidfjord
Konferansier: Ellen Kjellberg

kl 21.00 Kinsarvik kyrkje
Intim kammermusikk av Franz Schubert og Louis Spohr i kyrkja frå 1100-talet
L.Spohr (1784-1859): Oktett for strykere
Ulf Wallin, Stig Nilsson, Madeleine Berg, Melinda Csenski, fiolin,
Anders Kjellberg Nilsson, Miriam Helms Ålien, bratsj,
Aage Kvalbein, Johannes Rostamo, cello
Sanger
Elizabeth Watts, sopran
Den Danske Strygekvartet

Laurdag 22.mai

kl 09:30 Griegvandring
Edmund Utne tek oss med på ein vandring gjennom Lofthusbygda i Griegs fotspor, med musikkinnslag undervegs.
Musikkinnslag undervegs.
Jens Harald Bratlie, klaver, Maria Digranes, sopran, Solbjørg Tveiten, song, Frank Rolland, hardingfele

kl 12:00 Griegkonsert
Kombinert med Griegvandring eller ikkje, her vert du ført vidare inn i Edvard Griegs musikalske verd.
Komponisten, Hotel Ullensvang
Jens Harald Bratlie, klaver, Maria Digranes, sopran, Frank Rolland, hardingfele

kl 14.00 Konsert i Turbinhallen
Ei verdsstjerne briljerer på klarinett saman med unge norske strykarar
W.A.Mozart (1756-1791): Adagio og Fuge
W.Lutoslawski (1913-1994): Dance Preludes
J.Brahms (1833-1897): Selection of Brahms Hungarian Dances
W.Kilar (1932-): Orawa
A.Hillborg: Peacock Tales
G.Fröst: Kletzmer Dances
Martin Fröst, klarinett, Ensemble Allegria, kammerorkester

kl 15.00 På Skredhaugen
Folkemusikk med fjordutsikt frå tunet på historiske Skredhaugen
Frank Rolland, hardingfele, Einar Mjølsnes, hardingfele, Solbjørg Tveiten, song

kl 15.30 Spelet om St Sunniva
Historisk spel med lokale barne- og ungdomskor
Utne kyrkje
Lokale barne- og ungdomskor
Tekst og musikk: E.Skeie og O.J.Overøye
Regi: Arild Helleland og Inger Elisabeth Aarvik

kl 17:30 Chopin 200 år
Me feirar Fréderic Chopin med Sveriges fremste pianist Roland Pöntinen. Me får og på nytt høyra Oslo Trio som spelar Sjostakovitsjs populære pianotrioar
F.Chopin (1810-1849)
Roland Pöntinen, klaver
D.Sjostakovitsj (1906-1975): Trioer nr 1. og nr 2.
Oslo Trio

kl 22.00 Kvartett til tidens ende
Som fange under andre verdskrig skreiv Olivier Messiaen eit av 1900-talets mest gripande kammermusikkverk
O.Messiaen (1908-1992): Quatuor pour la fin du temps
Martin Fröst, klarinett
Anders Kjellberg Nilsson, fiolin
Johannes Rostamo, cello
Roland Pöntinen, klaver

Sundag 23. mai

Kl 09.30 Omvising og konsert
Ta båt over fjorden og få omvisning og intimkonsert i historiske Agatunet, der Mari Maurstad og Aage Kvalbein les og spelar
Mari Maurstad og Aage Kvalbein

Kl 11.00 og 13.00 I rallarens fotspor
Ein vandring tilbake til starten av det norske industrieventyret
Lars Klevstrand, Helge Jordal, Rannveig Djønne

Kl 13.00 Hardanger Gjestegard
Danmarks kvartett-yndlingar byr på sine mangesidige talent med eit eige fengande program
Hardanger Gjestegard, Alsåker
Den Danske Strygekvartet

Kl 14.00 Frikar på Isklar
Frikar Dansekompani med spektakulære "Mjølk" på vatnfabrikken
Frikar, dansegruppe

Kl 15.30 Spelet om St Sunniva
Historisk spel med lokale barne- og ungdomskor
Ullensvang kyrkje
Tekst: E.Skeie
Musikk: O.J.Overøye
Dirigent: I.E.Aarvik (som laurdag)

Kl 17.30 Schumann 200 år
Me feirar Schumann med hans høgt elska pianokvintett og får oppleva Englands nye stjernesopran med songar av Schubert
Hardangerhallen, Hotel Ullensvang
F.Schubert 1797-1828): Lieder
Elizabeth Watts, sopran
Jens Harald Bratlie, klaver
R.Schumann (1810-1856): Klaver-kvintett i ess-dur op44
Arve Tellefsen, fiolin
Ragnhild Hemsing, fiolin
Anders Kjellberg Nilsson, bratsj
Johannes Rostamo, cello
Julie Ye, klaver

Kl 22.00 Overraskingskonsert
Festivalartistane i ein uhøgtydeleg konsert der dei briljerer og overraskar
Hardangerhallen, Hotel Ullensvang

Måndag 24. mai

kl 11:00 Avslutningskonsert
Festen vert avslutta i kammermusikkens namn med Mozarts klarinettkvintett og Brahms g-dur sekstett
Ullensvang kyrkje
W.A.Mozart (1756-1791): Kvintett for klarinett og strykere A-dur
Martin Fröst, klarinett
Den Danske Strygekvartet
J.Brahms (1833-1897): Sekstett for strykere nr 2. G-dur op36
Ulf Wallin og Stig Nilsson, fiolin
Anders Kjellberg Nilsson og Ragnhild Hemsing, bratsj
Aage Kvalbein og Johannes Rostamo, cello

kl 15.00 Konsert i Eidfjord gamle kyrkje
Mari Maurstad og Aage Kvalbein les og spelar frå sitt program "Lykke - en gressgrodd setervei"
Eidfjord gamle kyrkje
Mari Maurstad og Aage Kvalbein


Oppdatert: 10.05.2010 kl. 10:16
 

Kulturmeglerne - Kongensgate 23, 0153 OSLO, t. 91525313 - kulturmeglerne@kulturmeglerne.no
Copyright © Kulturmeglerne 2002-07
Powered by Ottmar.no