&
VELKOMMEN!
Kulturmeglerne AS er et konsulent­selskap med kultur og media som spesial­område. Vi har et bredt kontakt­nett og arbeider både innenfor PR, markedsføring, prosjektledelse og forretningsutvikling.

Kontaktinformasjon:

Kulturmeglerne
Kongensgate 23
0153 OSLO
T. 22405990


 

MUSIKALSK ASKELADD MED NY PLATE

02.09.2010: • —Eg ynskjer å jobbe i grenselandet mellom tradisjonalitet og modernitet, og komponere det eg kallar rotnorsk world-jazz. Denne plata er meir personleg enn nokon gong. Eg har utvida mitt bukkehorn-arsenal på denne plata med eit antilopehorn frå Afrika, seier komponist, jazzmusikar og bukkehornspelar Karl Seglem, som kjem ut med sin 27. plate, Ossicles, denne veka.
• Og kritikarane hyller plata: Dagbladet har allereie trilla seks på terningen, Bergens Tidende fem og Göteborgs-Posten gjev fire av fem.
Del |
Tenorsaksofonist og komponist Karl Seglem har tidligare motteke overveldande kritikkar i Skandinavia, Tyskland og USA for albuma Femstein (2004), Urbs (2006) og NORSKjazz.no (2009). No er han klar med eit nytt album, Ossicles, meir personleg og særprega enn tidlegare.
Og kritikarane hyller allereie den nye plata, som kjem i platebutikkane denne veka: Dagbladets Terje Mosnes trillar til seks og skriv ”bortsett fra Jan Garbarek på sitt beste er knapt noen i nærheten av Karl Seglems
Karl Seglem.
uttrykksnivå og –kraft”, Bergens Tidende gjev plata fem på terningen og skriv ”«Ossicles» har Seglems tydelige signatur, samtidig som han bidrar til en ny innfallsvinkel til verdensmusikken, med komposisjoner fulle av inntrykk.” Også avisa Nordlys gjev plata svært god kritikk og Gøteborgs-Posten gjev fire av fem mulige.
—Eg har jobba lenge med å utvikle mitt eige univers. Denne plata er meir personleg enn nokon gong, og har eit stort spenn, frå norsk folkemusikk til pakistanske rytmar. Eg har utvida mitt bukkehornarsenal og speler no óg på eit antilopehorn frå Afrika, seier Karl Seglem.
Musikken hans vert samanlikna med Garbarek, Boine og Molvær og han har sidan 1990-talet gjeve ut ei rekke world-jazz-album. Forfattar Frode Grytten kallar musikken hans ”upop frå Sogn”. Seglem er ein av de mest produktive jazzmusikarane i Noreg med 27 album under beltet. På denne plata er samklangen mellom Seglem sin tenorsax og hardingfela til Håkon Høgemo tett, gitarist og konting-mester Olav Torget tek musikken i retning sørover, medan bassist Gjermund Silset og trommisane Erland Dahlen og Kenneth Ekornes pumpar energiske beat og lekre perkusive detaljar inn i lydbiletet. Musikken, som er komponert av Karl Seglem, visar fram mange sider; skugge og lys, lykke og sorg.
—Å vera nyskapande handlar for meg om å kunne jobbe over tid med eit ensemble, seier Seglem.
I november skal Seglem på Europa-turné etter fire konsertar i Noreg.


Karl Seglem.

Ossicles
Karl Seglem

Turné: Fire Noregs-konsertar frå 2. november, Europa frå 6. november.

Kontakt, informasjon og høyoppløste bilder: Hilde Østby i Kulturmeglerne: hilde.ostby@kulturmeglerne.no, mobil: 97 97 35 72

Sagt om Norsk-jazz.no (2009):
”Etter mer enn to tiårs eksperimentering med vestnorsk folkemusikk og jazzimprovisasjon som hovedingredienser i et originalt musikalsk brygg, har Seglem omsider oppfylt en like lang drøm om å spille inn et vakkert, poetisk og reinskårent jazzalbum i klassisk akustisk kvartettformat.”
Terje Mosnes, Dagbladet, terningkast 5

” I samspill med Eple Trio har han laget en utrolig vakker plate. Man blir helt betatt av den klare, besnærende tonen i Seglems saksofon, mens trioen Anders Ulvo, piano, Sigurd Hole, bass og trommeslager Jonas Howden Sjøvaag utfyller lydbildet med stor musikalitet.”
Svein Andersen, Aftenposten, terningkast 5

”Om musikken bryt med Seglems tidlegare utgjevingar, er det ein dåm og tone i saksofonspelet som er umiskjenneleg”
Roald Helgheim, Dagsavisen

Sagt om "Urbs" (2006):
"Nye sterke meldinger fra planeten Seglem. .....og selv på sitt vakreste og mest tilforlatelig dansende, er dette musikk med nerve og puls." Terje Mosnes, Dagbladet, terningkast 6

"Ruralurbanisten Seglem lar seg ikke fange inn av noe sjangebegrep. Når musikken likevel er umiskjennelig seglemsk, vitner det om musikalsk mesterskap." Olav Gorseth, Bergens Tidende, terningkast 6

”Musikken kan oppleves som et slags ekko fra flere verdener som samles i et seglemsk klangunivers. Et sted hvor det urbane og rurale møtes i et vakkert og følsomt fellesskap.” Svein Andersen, Aftenposten, terningkast 5

"Etter en skarp høst med mengder av ny og flott norsk jazzmusikk, topper Karl Seglem festen med "Urbs".... Få, om noen, har klart å skape et så frodig møtepunkt mellom tradisjon og nyskapning som den utrettelige sogningen." Bjørn Olav Nordahl, Dagens Næringsliv

Mer om Karl Seglem her: http://www.karlseglem.no/appbox/modules/cutecms/?key=home&lg=en_en
Og her: http://www.myspace.com/lydkunst


Oppdatert: 02.09.2010 kl. 10:43
 

Kulturmeglerne - Kongensgate 23, 0153 OSLO, t. 91525313 - kulturmeglerne@kulturmeglerne.no
Copyright © Kulturmeglerne 2002-07
Powered by Ottmar.no